Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløverturar på Kvennset, Husby og Hala

Dordi Jorunn Halle Måndag 20. mars 2023

Mars er den første vårmånaden, men så langt regjerer Kong Vinter. Dermed blir det kløverturar etter vegen.

Dagens tur, altså 20. mars, gjekk frå Matkroken og opp forbi Todalen kyrkje. Deretter ein runde oppom Husbygardane og før turgjengen snudde på Pilskaret i Halagrenda.

Fotopause framfor kyrkja. Frå venstre: Kari, Jorunn Ø, Liv Jorunn, Åse Johanne, Karen Johanne, Helga, Jorunn H, Helen, Arndis og Dordi Jorunn. Foto: Marit Sanden Søyset.

Måndag 13. mars var det rundtur på Kvennset, mellom anna ein svipptur nedom Småthavna og Sagja, deretter oppover til Rossåfossen.

Turane vart avslutta med prat og kaffe i Kaffekroken på Halsbua, altså Matkroken. Der er det kjekt å vere, men turgåarane stundar på ver til å nyte sol, varme, mat og kaffe ute!

Ny tur måndag 27.mars, og etter det blir det påskeferie.

Fleire bilete:

I Halagrenda. Foto: Marit Sanden Søyset.

Glimt av blå himmel. I bakgrunnnen Steinarstuå. Foto: Marit Sanden Søyset.

Turgjengen måndag 13. mars. Frå venstre: Arndis, Åse Johanne, Helen, Jorunn Ø, Jorunn H, Helga. Foto: Dordi Jorunn

Ved Rossåfossen. Foto: Dordi J H

Publisert: 20. mars 2023, 19:18