Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vårjamndøgn – sommar i sikte?

Jon Olav Ørsal Måndag 20. mars 2023

Vårjamndøgn minner oss om at våren og sommaren nærmar seg, iallfall etter kalenderen å dømme.  Vi har i år fått bekrefta at mars er «snømånaden».  Men det ser da ut til at snøen no tinar frå begge kantar, og vi kan vel ha trua på at det vil vårast etter kvart no.  – I år er det vårjamndøgn måndag 20. mars – heilt nøyaktig når klokka er 22:24 norsk tid.  

Vil du lese meir om kan du «bla om» og lese vidare kva Wikipedia skriv: «Vårjamdøgn eller vårjamdøger er saman med haustjamdøgn dei døgna då natt og dag er like lange overalt på jorda. Etter vårjamdøgn vert dagane lengre og nettene kortare på den nordlege halvkula, der dagen ofte har markert byrjinga på våren. Skjeringspunktet mellom solbanen (ekliptikken) og himmelekvator vert kalla vårjamndøgnspunktet eller vêrpunktet.

Vårjamdøgn kjem rundt 21. mars. Oftast fell vårjamdøgn på 21. mars som vert kalla det offisielle vårjamdøgn. Første påskedag er den første sundagen etter fullmånen som kjem etter 21. mars.
I fleire kulturar feirar ein nyttår eller vårhøgtider ved vårjamdøgn. Nauroz (persisk nyttår) blir feira på denne dagen. I delar av Aust-Europa feirar ein våren ved å brenna eller drukna dokker av Marzanna, ei gammal slavisk gudinne. Fleire nyheidenske feiringar finn stad, som den germanske høgtida ostara. Maria bodskapsdag, som vanlegvis fell på 25. mars, har òg tradisjonelt vore ein nyttårsdag i Europa. På dei britiske øyane var dette ein av «quarter days», dagar då leige skulle betalast, tenestefolk kunne hyrast og skuleterminar starta.»

Publisert: 20. mars 2023, 08:40