Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for juni, 2023

Vi fann 89 artiklar i dette arkivet.


Ungdomane trør til

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 16. juni 2023

I går kveld var det igjen dugnad med frivillig arbeid i det nye ungdomsrommet i reiskapshuset på Bordholmen. Henrik Kvande-Talgø takka tidleg kontant ja på førespurnaden om han ville vere med å bidra med litt snekkering i det nye ungdomsrommet.


Skikkeleg finvêrstur til Igeltjønna for stavgangarane

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 15. juni 2023

Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag tok i dag turen både ut av kommunen og fylket. Dagens stavgangtur gjekk nemleg til Igeltjønna i Rindal, og ein kan trygt seie dei fekk finvêr på dagens tur. 


Siloslått og ny flatsilo teken i bruk

Jon Olav Ørsal Torsdag 15. juni 2023

Det grøne skiftet tvingar fram mindre bruk av plast og meir rasjonell drift for innhausting av graset som blir bruka til fôr.  Todalen Mjølk har teke konsekvensen av det, og har i år gjort store investeringar for å rasjonalisere siloslåtten.  – No er dei i gang med førsteslåtten, og dei kan rapportere om både gode avlingar og god kvalitet på fôret.  


Bli med Fjellgruppa til Bollknubben på Nordvik

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 15. juni 2023

Tysdag 20. juni inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til fjelltur til Bollknubben på Nordvik. Oppmøte og parkering på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:00 for samkøyring til Nordvik. 


Mathias tok første laksen i Toåa

Jon Olav Ørsal Torsdag 15. juni 2023

Det var Mathias Strømstad Lund som fikk den store æra å ta årets første laks i Toåa. Litt over en time etter at fisket starta ved midnatt så satt laksen på, og når den kom på vekta så slo den ut på omtrent akkurat 5 kg – ein fin laks uten lus – ein ekte villaks. Det skjedde i Båthølen, og laksen var sett ut igjen så Mathias har ikkje noko bilde av laksen.  


Byggern Bindal – Opna nyrestaurert butikk

Jon Olav Ørsal Torsdag 15. juni 2023

Torsdag i veka som gikk vart ein historisk dag på fleire måtar – ikkje minst var dagen markert med kongebesøk, der kong Harald og dronning Sonja gjesta Bindal kommune og 2-3 andre kommunar i området.  Den andre store attraksjonen var nok at Bygger’n Bindal hadde offisiell opning av nybutikken i Terråk sentrum.  Sjølv om butikken har halde til i Servicesentret på Terråk sia 1985, så står butikken fram som ny – med utvida butikkareal og nytt lagerbygg. 


På stand: -Kva er viktig for deg?

Jon Olav Ørsal Torsdag 15. juni 2023

På laurdag møter du fleire kandidatar frå Surnadal Arbeiderparti på stand ved Alti-senteret. Vi vil gjerne høyre kva saker som er viktige for deg fram mot valet, og vi byr gjerne på ein kaffekopp. Du møter oss frå kl. 11 til 14.


Treffast har fått eiga hytte og utkikks-plass

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 14. juni 2023

Treffast Surnadal fekk for rundt to år sidan avtale med ein grunneigar om å disponere ei hytte ved vegen opp til Syltnebbå. Sidan avtalen vart gjort, har Treffast hatt dugnadar, der gjengen har vist stor «stå-på vilje» og måla hytta, både innvendig og utvendig. Dei har også fått bygd ein utkikks-plass ved hytta. 


Tilbod om gratis aktivitetar for ungdommar

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 14. juni 2023

Surnadal frivilligsentral og Surnadal ungdomsklubb har saman laga eit gratis aktivitetstilbod for ungdommar i starten av skuleferien. Aktivitetane vil foregå i tidsrommet måndag 26. juni til og med torsdag 29. juni, altså første veka av skuleferien.


Fjellgruppa med finvêrstur til Skarven

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 14. juni 2023

I går gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin tur til Skarven i Bøverdalen. – Vi var 25 pensjonistar som fekk ein overlag fin fjelltur i det heilt perfekte turveret!, fortel Anne V. Einum i Fjellgruppa. – Skikkeleg sommarver med over 20 grader, men heldigvis ein lett bris og litt dis!, legg ho til. 


Søndag: Kortreist i Todalen kyrkje – Folketonegudsteneste

Jon Olav Ørsal Onsdag 14. juni 2023

Lokal musikk pregar gudstenesta når Torbjørn Brøske søndag takkar av som vikarprest. «Folketonemesse frå Todalen» ber hovudledda i liturgien.  Denne «Missa Todalensis» byggjer på folkesalmetonar etter Tomina Husby og Ane Husby og feleslåttar etter spellmannen Hallvard Ørsal. Til vakre og spenstige todalstonar har så Bernt Bøe laga kormelodiar over dei fem vanlege messeledda. Messa vart komponert til 150-årsjubileet for Todalen kyrkje i 2011.


17. maikomiteen har evaluert årets feiring

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 13. juni 2023

17. maikomiteen har evaluert årets 17. maifeiring i Todalen, og kjem med konkrete og konstruktive endringar til framtidig feiring av nasjonaldagen. Komiteen foreslår at Todalen bøgdalag overtek det formelle ansvaret for 17. maifeiringa i Todalen, og at Todalen Idrettslag blir med som medarrangør på same måte som i dag, altså serverer frukost på Bordholmen eller ungdomshuset.