Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mathias tok første laksen i Toåa

Jon Olav Ørsal Torsdag 15. juni 2023

Det var Mathias Strømstad Lund som fikk den store æra å ta årets første laks i Toåa. Litt over en time etter at fisket starta ved midnatt så satt laksen på, og når den kom på vekta så slo den ut på omtrent akkurat 5 kg – ein fin laks uten lus – ein ekte villaks. Det skjedde i Båthølen, og laksen var sett ut igjen så Mathias har ikkje noko bilde av laksen.  

Mathias har tidlegare vore i Todalen på laksefiske saman med sin far, men i år så har han teke turen åleine, og bur no på Todalen Camping på Bordholmen. Det er no 3 år sia sist han var her, og tykkjer det er godt å være attende i Toåa med fluestonga.  No skal ha være i Todalen nokre dagar og tykkjer det var ein drømmestart på årets laksefiske. 

Fine tilhøve i Toåa – her er bilde frå Raudåhølen i dag. Foto Jon Olav Ørsal

Dersom du vil følgje med på laksefisket i Toåa kan du gå til linken og halde deg ajour på Elveguiden – der kan du også kjøpe fiskekort dersom du har lyst til å prøve deg i Toåa.  

Publisert: 15. juni 2023, 10:45