Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Søndag: Kortreist i Todalen kyrkje – Folketonegudsteneste

Jon Olav Ørsal Onsdag 14. juni 2023

Lokal musikk pregar gudstenesta når Torbjørn Brøske søndag takkar av som vikarprest. «Folketonemesse frå Todalen» ber hovudledda i liturgien.  Denne «Missa Todalensis» byggjer på folkesalmetonar etter Tomina Husby og Ane Husby og feleslåttar etter spellmannen Hallvard Ørsal. Til vakre og spenstige todalstonar har så Bernt Bøe laga kormelodiar over dei fem vanlege messeledda. Messa vart komponert til 150-årsjubileet for Todalen kyrkje i 2011.

Tove Elin Strand spelar salmetonar og slåttar på fløyte. (Foto Bernt Bøe)

Springdans som «Gloria»
Tove Strand og Bernt Bøe spelar folkemelodiane på fløyte og piano. Koret P17 legg messeledda oppå. Eksempelvis får Kyrie tonefølgje av «Mit Hjerte altid vanker». Gloria kling til spenstige Ørsal-slåttar, den eine stilisert dans, som uttrykk for «Ære vere Gud». 
Men «Folketonemesse frå Todalen» er ikkje underhaldning og gammeldans! Musikken er først og fremst tilpassa innhaldet i gudstenesteledda. 

Klikk på lenka så får du ein liten smaksprøve på helgas folketonegudsteneste

I døra: Torbjørn Brøske står bokstaveleg i døra og avsluttar sitt vikariat i Todalen denne søndagen. Men kanskje held han døra på gløtt? (Foto Bernt Bøe)

Folketonar i heile gudstenesta
All salmesong brukar folketonar – fleire frå Nordmøre. Torbjørn Brøske har forma nattverdliturgien som vekselsong med kyrkjelyden – til tonen «Kling no, Klokka».
 Han har denne søndagen si (hittil) siste gudsteneste i Todalen etter vinterens vikarteneste i prestegjeldet.
 Attåt hans preike og organisten si Folketonemesse er det vanleg dåp, lesetekster, nattverd og takkoffer. 

Og soknerådet har kyrkjekaffen klar når siste strofe av «Missa Todalensis» har tona ut.

…. og her finn du plakaten for helgas gudsteneste i Todalen kyrkje.

Først publisert: 14. juni 2023, 05:32 - Sist oppdatert: 19. juni 2023, 05:10