Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for juni, 2023

Vi fann 89 artiklar i dette arkivet.


Stavgang ved Toåa 1.juni 2023.

Tekst & foto: Reidun Halle Fredag 2. juni 2023

Todalingane er dyktige til å ordne til for folk som vil gå turar i den vakre bygda. Det er stiar og sitteplassar fleire forskjellige plassar rundt om. Denne gongen tok stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag turen frå Bruset og opp dalen langs Toåa til Ramsøya. 17 trimmarar, med og utan stavar, hadde våga seg ut i det usikre veret.


Sein «julegåve» og litt meir

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 2. juni 2023

Før jul, fekk styret i Todalen Idrettslag eit brev frå Jakob Ranes, ein ivrig fotballspelar, med spørsmål om idrettslaget kunne kjøpe ein rebounder, Ein rebounder er ei metallrame med eit nett. Når ein skyt fotballen på nettet, kjem ballen att, så dette er ein fin måte å lære seg å skyte ballen kontrollert og å ta imot ballen att etterpå. Styret i idrettslaget var sjølvsagt positive til eit slikt initiativ frå eit ungt medlem. 


Bli med på Todalsdagen laurdag 1. juli

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 1. juni 2023

Todalsdagen 2023 går av stabelen 1. juli, og planlegginga av årets utgåve er godt igang. I år er det 30 år sidan den første utgåva av Todalsdagen vart arrangert i 1993. I år, som alle år, blir det TodalsCup i fotball for aldersgruppa 6 – 12 år. Invitasjon er sendt ut til laga, og påmeldingsfristen er fredag 23. juni. 


Startar sesongsal av hagemøblar

Jon Olav Ørsal Torsdag 1. juni 2023

Frå 1. juni er sesongsalet av hagemøblar i gang på Hageland Surnadal, fortel Oddmund Jørgensen.  – No gir vi 30 prosent på utvalgte modellar, som i utgangspunktet er modellar som etter kvart skal gå ut av kolleksjonen og dermed selges til redusert pris


Ungdomsrommet tek form – ny dugnad onsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 1. juni 2023

Ungdomsrommet i reiskapshuset på Bordholmen stadion tek form. I går kveld vart taket ferdig grunna, så no er både tak og veggar klare for å få siste «finish» før innreiinga av rommet kan ta til.