Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stavgang ved Toåa 1.juni 2023.

Tekst & foto: Reidun Halle Fredag 2. juni 2023

Todalingane er dyktige til å ordne til for folk som vil gå turar i den vakre bygda. Det er stiar og sitteplassar fleire forskjellige plassar rundt om. Denne gongen tok stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag turen frå Bruset og opp dalen langs Toåa til Ramsøya. 17 trimmarar, med og utan stavar, hadde våga seg ut i det usikre veret.

Turstien går ved Toåa innover frå Bruset til Haffalmelen og vidare rundt Nernesset til Hengebrua. Foto Reidun Halle

Første stopp vart ved gapahuken som det stod Fosstrøinn på. Stien svinga no meir inn i skogen, før vi etter kvart kom fram til bygdavegen. Straks svinga vi av igjen og gjekk på fin nyslått sti bort til gapahuken ved Nessaøra. Her åt vi nista vår og vermde frosne fingrar på kaffekoppen, før dei fleste tok same vegen tilbake. Nokre valde heller å gå bygdavegen ned att. Og så sanneleg vart det ikkje litt blå himmel og på slutten.

Vi har laga eit lite galleri med bilde frå turen frå Bruset og heilt opp til Hengebrua.   Alle foto Reidun Halle

Publisert: 2. juni 2023, 07:50