Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bli med på Todalsdagen laurdag 1. juli

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 1. juni 2023

Todalsdagen 2023 går av stabelen 1. juli, og planlegginga av årets utgåve er godt igang. I år er det 30 år sidan den første utgåva av Todalsdagen vart arrangert i 1993. I år, som alle år, blir det TodalsCup i fotball for aldersgruppa 6 – 12 år. Invitasjon er sendt ut til laga, og påmeldingsfristen er fredag 23. juni. 

Det blir også i år «Ræta opp!» og «Mini Ræta», der inntekta frå startkontingenten i år går til Surnadal Røde Kors. Elles blir det open kiosk og sjølvsagt sal av grillmat. 

Har du lyst til å vere med å bidra før eller under Todalsdagen? Todalen IL treng nemleg mange frivillige hender, både før og under arrangementet, for å lage eit så bra arrangement som mogleg. Dei oppfordrar difor todalingar i alle aldrarar om å bidra til årets største dugnad. Da kan du ta kontakt med Monika Klungervik og seie frå kva du ønsker å bidra med. Det er mange arbeidsoppgåver både før under og etter Todalsdagen, så her er det noko for ein kvar smak. 

Om det er fotballag i aldersgruppa 6 – 12 år, som ikkje har fått invitasjon, ta kontakt med Bjørn Gunnar Ansnes.

Todalen Idrettslag ønsker ALLE velkommen til nok ein Todalsdag!

 


Medlem i Todalen.no –


 

Først publisert: 1. juni 2023, 19:29 - Sist oppdatert: 2. juni 2023, 05:08