Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ungdomsrommet tek form – ny dugnad onsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 1. juni 2023

Ungdomsrommet i reiskapshuset på Bordholmen stadion tek form. I går kveld vart taket ferdig grunna, så no er både tak og veggar klare for å få siste «finish» før innreiinga av rommet kan ta til. 

Sissel H. Storslett var ei av dei som var med på dugnaden i går. Foto: Elinor Bolme

Todalen Idrettslag kallar difor no inn ungdommane til dugnad onsdag 7. juni klokka 17:30. Dette for at dei skal få sette sitt «preg» på rommet, så da blir oppfordringa enkel: Møt opp og bli med!

Publisert: 1. juni 2023, 06:39