Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sein «julegåve» og litt meir

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 2. juni 2023

Før jul, fekk styret i Todalen Idrettslag eit brev frå Jakob Ranes, ein ivrig fotballspelar, med spørsmål om idrettslaget kunne kjøpe ein rebounder, Ein rebounder er ei metallrame med eit nett. Når ein skyt fotballen på nettet, kjem ballen att, så dette er ein fin måte å lære seg å skyte ballen kontrollert og å ta imot ballen att etterpå. Styret i idrettslaget var sjølvsagt positive til eit slikt initiativ frå eit ungt medlem. 

I går kveld var det tid for utpakking og montering av «julegåva» på Bordholmen. Tre ivrige gutar, med litt hjelp frå leiaren og nestleiaren i idrettslaget, monterte rebounderen før den vart teken i bruk. Det er Intersport i Surnadal som har levert rebounderen. 

Jakob klar for utpakking! Foto: B G Ansnes

I går vart det også levert fire nye fotballmål som skal monterast og takast i bruk. Tidlegare er det levert nye ballar og litt anna utstyr, også dette levert av Intersport i Surnadal. 

Det er også vedteke å kjøpe inn ein del anna utstyr til forskjellege aktivitetar på Bordholmen framover sommaren, forutan at ungdomsrommet i reiskapshuset er under bygging. Så det skjer mange ting på Bordholmen, til glede for idrettslaget sine medlemmer og andre!

Så var rebounderen ferdig montert og klar til bruk. Foto: B G Ansnes

 

Publisert: 2. juni 2023, 05:00