Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjellgruppa med finvêrstur til Skarven

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 14. juni 2023

I går gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin tur til Skarven i Bøverdalen. – Vi var 25 pensjonistar som fekk ein overlag fin fjelltur i det heilt perfekte turveret!, fortel Anne V. Einum i Fjellgruppa. – Skikkeleg sommarver med over 20 grader, men heldigvis ein lett bris og litt dis!, legg ho til. 

Første rast etter bratt skogsveg og sti frå Seterbøen. Foto: Anne V. Einum

Turen starta som vanleg med oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje. for samkøyring til Borstua på Seterbøen i Bøverdalen, der det var parkering.

Ein pust i bakken med utsyn oppover Bøverdalen. Foto: Anne V. Einum

Derifrå gjekk turen etter merka turløype, først eit stykke etter ein seterveg som går til Seterbøsetra, 

Ser Hjelmen, Hjelmkona og Saufjellet bak toppvarden på Skarven. Foto: Anne V. Einum

Frå Seterbøsetra og opp til toppvarden på Skarven, 649 moh, gjekk turen etter stien. – Bratt var det heile vegen, men både skogsvegen og stien var tørr og god, seier Einum.

Hu hei, kor er det vel friskt og lett oppå fjellet! Foto: Anne V. Einum

– Og med ein matpause halvvegs og passeleg tempo for oss oppi åra, kom vi oss alle til topps, og fekk sjå det flotte utsynet vi hadde rundt om til alle kantar!, legg ho til. 

Nedturen med utsikt til Bæverfjord. Foto: Anne V. Einum.

Vi var alle samde i at vi hadde hatt ein særs fin fjelltur. Og så har vi jo det så triveleg og sosialt i lag!, avsluttar ho. 

Vakker musikk med bekkebrus frå Geitåa og fuglesong. Foto: Anne V. Einum

Tysdag 20. juni går Fjellgruppa sin fjelltur til Bollknubben på Nordvik. Meir informasjon om den turen kjem seinare.  

Først publisert: 14. juni 2023, 06:59 - Sist oppdatert: 15. juni 2023, 14:47