Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

17. maikomiteen har evaluert årets feiring

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 13. juni 2023

17. maikomiteen har evaluert årets 17. maifeiring i Todalen, og kjem med konkrete og konstruktive endringar til framtidig feiring av nasjonaldagen. Komiteen foreslår at Todalen bøgdalag overtek det formelle ansvaret for 17. maifeiringa i Todalen, og at Todalen Idrettslag blir med som medarrangør på same måte som i dag, altså serverer frukost på Bordholmen eller ungdomshuset.  

Som komiteen nemner i evalueringa si, så vart ettermiddagsarrangementet under nasjonaldagsfeiringa i år kraftig påverka av det dårlege vêret, med regn og kald vind. Dette førte sjølvsagt til mykje mindre folk i barnetoget enn vanleg, sjølv om det også i år var eit felles barnetog for heile Todalen og Stangvik skulekrins. At 17. mai i år var på ein onsdag før langhelg, gjorde nok også sitt til at oppslutninga var lågare enn vanleg, men vêret var nok uansett hovudgrunnen. 

17. maikomiteen hadde kjøpt inn effektar og flagg som vart bruka i barnetoget frå kyrkja til Bordholmen stadion. På Bordholmen fekk korpset pølser med brød, medan alle andre fekk gratis is og kaffe. Det vart også nokre leikar for dei yngste. Surnadal kommune støttar arrangementa i bygdene med 3.000,- kroner, så årets arrangement ser ut til å gå med eit overskot på i overkant av 3.000,- kroner, sjølv om det vart lita inntekt frå kiosksal i år.  

Biltoget og Todalen Idrettslag sin frukost i ungdomshuset vart ikkje påverka av vêret, og hadde stor oppslutning, så totalt sett vart det ei fin og verdig markering av nasjonaldagen i Todalen i år også.    

17. maikomiteen foreslår i evalueringa si at Todalen bøgdalag, frå og med neste år overtek det formelle ansvaret for 17. maifeiringa i Todalen. Dette inneber at bøgdalaget sett opp komite, etter same modell som i dag, for biltoget og arrangementet på ettermiddagen, medan Todalen Idrettslag sin frukost bør vidareførast og formaliserast i regi av idrettslaget, heiter det i 17. maikomiteen si evaluering. 

Publisert: 13. juni 2023, 18:57