Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skikkeleg finvêrstur til Igeltjønna for stavgangarane

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 15. juni 2023

Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag tok i dag turen både ut av kommunen og fylket. Dagens stavgangtur gjekk nemleg til Igeltjønna i Rindal, og ein kan trygt seie dei fekk finvêr på dagens tur. 

Godt over 20* C da vi tok turen rundt Igeltjønna, fortel Svein Tjelle i Stavganggruppa.

Fint med kaffepause i godvêret ved Igeltjønna. Foto: Svein Tjelle

Det var fint å sitte med nista på ein terrasse, bygd uti vatnet, legg han til. 

– Rein sydenstemning blant de 20 som deltok i dag, avsluttar han. 

Rindalingane har laga eit fint anlegg rundt Igeltjønna. Foto: Svein Tjelle

Neste torsdag, den 22. juni går stavgangarane sin tur i retning Skjennå. Parkering og oppmøte ved Åsen klokka 11:00

Publisert: 15. juni 2023, 19:10