Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for juni, 2023

Vi fann 89 artiklar i dette arkivet.


Nok ein finvêrstur for Fjellgruppa

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 21. juni 2023

I går gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin tur til Bollknubben ovanfor Nordvik, og igjen vart det ein skikkeleg finvêrstur for fjellvandrarane.   


Opnar for laksefiske ved Steinutgarden – ny gapahuk på plass

Jon Olav Ørsal Tysdag 20. juni 2023

Leiar Todalen elveeigarlag, Stig Husby, fortel at frå i år er laksevaldet «Steinutgarden» med i elveeigarlaget igjen.  Steinutgarden har vore leid ut som privat elv i mange år no.  Stig er glad for at den populære strekninga, ved utløpet av Romåa, no er tilgjengeleg for kortkjøparane i gjen. No blir Steinutgarden rusta opp til å ta i mot laksefiskarane, og ny fin gapahuk er under bygging og klar til bruk i løpet av veka.  


Inviterer til St. Hans-feiring

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 20. juni 2023

Trimgruppa i Todalen Idrettslag inviterer, i år som i fjor, til St. Hans-feiring i gapahuken ved Båthølen fredag 23. juni klokka 18:00.  


Godt å nyte sommarvarmen i turstien

Jon Olav Ørsal Måndag 19. juni 2023

Måndag føremiddag trefte vi denne gjengen som kosa seg i sommarvarmen i Toåa tursti – eller nærare bestemt ved gapahuken ved Båthølen.  De ti damene var ute på «Kløvertur» i regi av Todalen sanitetsforening, og dei let som så at det var litt for trimmens skuld og kanskje mest for å treffast og ha det triveleg i lag.


Stavgangarane tek turen til Skjennå

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 19. juni 2023

Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer til stavgang til Skjennå torsdag 22. juni klokka 11:00. Oppmøte og parkering ved Surnadal bygdemuseum på Åsen. 


Inviterer til dugnad ved krigsminnesamlinga på Åsen

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 19. juni 2023

Nordmøre Forsvarsforening inviterer til dugnad ved krigsminnesamlinga på Åsen laurdag 24. juni klokka 10:00 – 16:00. Det er planlagt få å vaske og rydda innvendig. Anna forefallande arbeid kan også bli akruelt. 


Siste bakeriutsal før sommaren hos Lia gard

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 19. juni 2023

Fredag 23. juni, mellom klokka 12:00 – 17:00,  inviterer Lia gard til siste bakeriutsal før sommaren. Så da blir det mogleg å sikre seg både grovbakst og noko til kaffekosen til St. Hans feiringa. Har du problem med å rekke innom i opningstida, er det berre å ta kontakt med Lia gard for å avtale henting av varer. 


Kjølehjørne montert på Bordholmen

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 18. juni 2023

I helga har det vore monteringsarbeid i klubbhuset på Bordholmen stadion. Nils Ove Bruset, Magne Søyset og Lars Stensby har nemleg montert det nyinnkjøpte kjølehjørnet Todalen Idrettslag har kjøpt for å ha i Klubbhuset på Bordholmen. 


Marius Kvande sette ny banerekord

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 18. juni 2023

Søndag 18. juni arrangerte Surnadal Golfklubb runde 5 av den regionale juniorturneringa Narvesen Tour, der dei beste golfspelarane i juniorklassen frå Midt-Norge var med. Turneringa vart spela på Surnadal Golfpark på Mo, og det samla spelarar frå Volda GK, Ålesund GK, Smøla GK, Surnadal GK, Trondheim GK og Stjørdal GK.


Triveleg gudsteneste og fullt langbord til kyrkjekaffen

Jon Olav Ørsal Sundag 18. juni 2023

Søndagens folketonemesse i Todalen kyrkje trekte 80-90 til den litt spesielle gudstenesta.  Sjølvsagt er det Bernt Bøe som er arkitekten og som har vore musikalsk leiar for prosjektet.  I utgangspunktet var det ei vanleg gudsteneste, men med innfletta song og musikk så vart det eit heilt anna produkt, sjølv om bodskapet vart det same.


Skogbrannfare i heile Sør-Noreg

Jon Olav Ørsal Laurdag 17. juni 2023

Vêrmeldinga på yr.no melder om skogbrannfare for heile Sør-Noreg.  For Trøndelag og Møre og Romsdal er farevarselet på gult nivå, medan det i resten av Sør-Noreg er på orange nivå – altså meir ekstremt der. Dagens vêrmelding inneheld også eit varsel om mykje lyn og torden i heile Midt-Noreg.


Talgø med frisk satsing på Helgeland

Jon Olav Ørsal Fredag 16. juni 2023

Talgø har hatt ei fin utvikling i nord dei siste åra.  Bindalsbygg AS har meir enn dobla omsetninga på nokre år, og oppkjøpet av Bindalslaft vil nok sikre at utviklinga går vidare. Selskapet heiter i dag Talgø Agrobygg, og har tilhald på Bindalseidet i Bindal kommune. – Agrobygg er spesialistar på landbruksbygg, og har eit godt rennome med heile Nord-Noreg som marknad.