Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Opnar for laksefiske ved Steinutgarden – ny gapahuk på plass

Jon Olav Ørsal Tysdag 20. juni 2023

Leiar Todalen elveeigarlag, Stig Husby, fortel at frå i år er laksevaldet «Steinutgarden» med i elveeigarlaget igjen.  Steinutgarden har vore leid ut som privat elv i mange år no.  Stig er glad for at den populære strekninga, ved utløpet av Romåa, no er tilgjengeleg for kortkjøparane i gjen. No blir Steinutgarden rusta opp til å ta i mot laksefiskarane, og ny fin gapahuk er under bygging og klar til bruk i løpet av veka.  

Ved Steinutgarden renn Romåa saman med Toåa. No er altså Steinutgarden med på strekninga som er fiskbar på fiskekortet igjen. Foto Jon Olav Ørsal

Bra start på fisket i Toåa. 
Det har vore knytt stor spenning til laksefisket i Toåa i år, og elveeigarlaget er godt nøgd med at det er teke 6 laksar i løpet av den første veka.  Den største laksen er på 7 kg, elles varierer størrelsen mellom 5 og 7 kg, med ei gjenomsnittvekt på 5,5 kg.  4 av dei 6 laksane er sett ut igjen.  Laksane er tekne oppover heile elva – den største på 7 kg vart teken i Djupdalshalen, og det var ein hofisk på 88 cm som vart sett ut igjen.  Videre utover ligg det og godt an for laksefiske i Toåa – det er no passende stor vassføring og passende temperatur på vatnet!

Magne Søyset er prosjektleiar for gapahuken ved Steinutgarden. Foto Jon Olav Ørsal

Bygger gapahuk ved Steinutgarden
Som sagt så bygges det no gapahuk ved Steinutgarden, og det er ei hagestue som nok blir ein kjærkomen kvileplass og krypinn for fiskarar som har behov for å kome under tak på regnvåte dagar. Vi trefte Magne Søyset som var i full gang med bygging av gapahuken og som no heldt på å lage ein liten terrasse framfor bygget – heile prosjektet er beregna å være ferdig i løpet av veka.  

Det har tradisjonelt vore godt laksefiske ved Steinutgarden – her ser du den nye gapahuken i bakgrunnen til høgre på bildet. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 20. juni 2023, 11:44