Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Triveleg gudsteneste og fullt langbord til kyrkjekaffen

Jon Olav Ørsal Sundag 18. juni 2023

Søndagens folketonemesse i Todalen kyrkje trekte 80-90 til den litt spesielle gudstenesta.  Sjølvsagt er det Bernt Bøe som er arkitekten og som har vore musikalsk leiar for prosjektet.  I utgangspunktet var det ei vanleg gudsteneste, men med innfletta song og musikk så vart det eit heilt anna produkt, sjølv om bodskapet vart det same.

P17-koret hadde med seg Tove Elin Stran (lengst til ventre) på fløyte. Foto jon Oolav Ørsal

Bernt har samla folketonar frå Todalen og Nordmøre i eit eige hefta, og folketonemessa innehelt folketonar både etter Tomina Husby, Hallvard Ørsal og fleire til, og han hadde fått med Tove Elin Strand på fløyte i tillegg til at han sjølv trakterte pianoet – til og med ein liten svingom vart det plass til i oppvisninga.  Her finn du ein smakebit av korsongen!

Bra oppmøte i kyrkja denne dagen, og jammen fekk dei valuta for «pengene». Imponerande salmesong, der allsongen vart forsterka av korsongen. Foto Jon Olav Ørsal

I sin preken tok vikarprest Torbjørn Brøske utgangspunkt i Lukasevangeliet som etter sigende er hans favorittevangelium.  -Vi kan vel egenleg konkludere med at Jesu ord er lette å forstå, men dei er ikkje så lett å etterleve.  Dagens takkoffer gikk til Kirkens SOS, og derom du ønsker å bidra så går det enno an på Vipps nr 506908.  Neste gudsteneste i Todalen blir søndag 16. juli.  

Lille Gunnhild Brøndbo var båret til dåpen denne dagen. Ei minnerik dåpsgudsteneste for familien hennar. Foto Jon Olav Ørsal

Dåpsgudsteneste 
Det vart ei fin og minnerik gudsteneste for lille Gunnhild Brøndbo og familien hennar.  Ho vart i dag båret til dåpen i dag og fikk etter godstenesta ros frå presten som ikkje aldri har opplevd slik fredeleg unge som heldt fred under heile gudstenesta.  

Vi får nok sjå dei att, men dei takka kvar andre for samarbeidet ino når vikarperioden er over. Frå venstre Bernt Bøe, organist, John Moe frå soknerådet og vikarprest Torbjørn Brøske. Foto Jon Olav Ørsal

Etter gudstenesta vart det servert kyrkjekaffe ute på kyrkjebakkan. Aldri har det vel vore slik deltaking på kyrkjekaffen, der fleire langbord var sette saman og vart fylt opp med kaffetørste kyrkjegjengarar.  Fint at det blir gjort slike trivseltiltak som samlar folket til trivelege samvær.  

Eit lite galleri med nokre fleire bilder frå folketonemessa på søndag.  Alle foto Jon Olav Ørsal

 

 

 

Publisert: 18. juni 2023, 13:51