Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nok ein finvêrstur for Fjellgruppa

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 21. juni 2023

I går gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin tur til Bollknubben ovanfor Nordvik, og igjen vart det ein skikkeleg finvêrstur for fjellvandrarane.   

Den prima fjellførar Kristian. Foto: Anne V. Einum

– Heile 29 kvinner og menn og ein hund var møtt opp og gjekk i samla følgje i godveret, fortel Kristian Ranes i Fjellgruppa. 

Vidt utsyn ved første kvil. Foto: Anne V. Einum

– Heldigvis trekte verstyraren lette skyar framom spissaste sola – vi held varmen godt likevel oppover etter kvart som det vart brattare og brattare, fortsett han. 

Flott utsyn til Blånebba og Trollheimen i aust. Foto: Anne V. Einum

– Heldigvis hadde vi stødige leiarar i Ingrid og Jan, – det er godt å ha med kjentfolk i ukjent lende, legg han til. 

Nede ved parkeringa etter ypperleg tur og turver. Foto: Anne V. Einum

– Alle kom opp, og rasten på toppen var god og vel fortent, tykte vi. – Og alle kom vel ned att, så no er det berre å samle krefter til neste tirsdag – da skal vi til Steinløa!, avsluttar Kristian. 

Først publisert: 21. juni 2023, 05:00 - Sist oppdatert: 20. juni 2023, 22:36