Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Talgø med frisk satsing på Helgeland

Jon Olav Ørsal Fredag 16. juni 2023

Talgø har hatt ei fin utvikling i nord dei siste åra.  Bindalsbygg AS har meir enn dobla omsetninga på nokre år, og oppkjøpet av Bindalslaft vil nok sikre at utviklinga går vidare. Selskapet heiter i dag Talgø Agrobygg, og har tilhald på Bindalseidet i Bindal kommune. – Agrobygg er spesialistar på landbruksbygg, og har eit godt rennome med heile Nord-Noreg som marknad.  

Fabrikk og kontor for Talgø Agrobygg på Bindalseidet. Foto Jon Olav Ørsal

Selskapet har i dag godt og vel 20 tilsette, og har ein begrensa elementproduksjon i fabrikken på Bindalseidet der seskapet også blir leia frå.  Fabrikken er ein tidlegare båtfabrikk, og har god plass til dagens verksemd på byggefronten.  Talgø Invest er majoritetseigar i selskapet medan dagleg leiar Tor Harald Heimsnes og Talgø Agrobygg AS eig resten.  

Frå produksjonshallen til Talgø Agrobygg på Bindalseidet. Her blir det mellom anna laga element til husproduksjonen. Foto Jon Olav Ørsal

Heimsnes fortel at han har god tru på at det skal bli ei god utvikling på landbruksbygg i tida som kjem, samtidig ser det og ut som Talgø si satsing på Norgeshus-kolleksjonen skal skal gje resultat, men han poengterer at den økonomiske utviklinga vil ha stor betydning for denne framdrifta.  

Frå venstre Ivan Ruben Holm og Tor Harald Heimsnes frå Talgø Agrobygg AS, Terje Talgø frå Talgø Invest AS og Svein Løvik frå Talgø Bygg AS. Foto Jon Olav Ørsal

Den siste tida har Talgø Agrobygg vore engasjert i fleire store bygg på heimebane, mellom anna det nye lagerbygget til Bygger’nbutikken på Terråk, så det har i grunnen vore full fart heile tida.  No ser det ut til at det kjem i orden finasieringordningar for landbruksbygg skapar optimisme i landbruket, seier Heimsnes.  

Det er lange dagar på Helgelandskysten no – her har vi foreviga solnedgangen som nærmar seg på Terråk i Bindal. Bildet er teke ca kl 23.30. Foto Jon Olav Ørsal (med mobilkamera)

 

Publisert: 16. juni 2023, 14:00