Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skogbrannfare i heile Sør-Noreg

Jon Olav Ørsal Laurdag 17. juni 2023

Vêrmeldinga på yr.no melder om skogbrannfare for heile Sør-Noreg.  For Trøndelag og Møre og Romsdal er farevarselet på gult nivå, medan det i resten av Sør-Noreg er på orange nivå – altså meir ekstremt der. Dagens vêrmelding inneheld også eit varsel om mykje lyn og torden i heile Midt-Noreg.

Farevarsel om skogbrannfare sendes på gult og oransje nivå når det har vært tørt lenge. Eit av hjelpemidla for å vurdere skogbrannfaren er skogbrannfareindeksen. MI vurderer skogbrannfareindeks for heile landet heile året, basert på informasjon om temperatur, fuktigheit, nedbør og vind.

Fargeskalaen til skogbrannfareindeksen følgjer ein “trafikklys-modell”, som er mykje bruka internasjonalt. Her går fargane fra grønt og opp til rødt eller tilsvarande sterke fargar. For skogbrannfarevarselet brukes berre fargane gult og oransje. Meteorologisk institutt brukar bare rødt for ekstremvær, når det blir venta voldsomme skader og ekstraordinær fare for tap av menneskeliv.

 

 

 

Publisert: 17. juni 2023, 08:34