Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Marius Kvande sette ny banerekord

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 18. juni 2023

Søndag 18. juni arrangerte Surnadal Golfklubb runde 5 av den regionale juniorturneringa Narvesen Tour, der dei beste golfspelarane i juniorklassen frå Midt-Norge var med. Turneringa vart spela på Surnadal Golfpark på Mo, og det samla spelarar frå Volda GK, Ålesund GK, Smøla GK, Surnadal GK, Trondheim GK og Stjørdal GK.

Dagens soleklart beste prestasjon var det uansett Surnadal GK sin «eigen spelar», Marius Kvande, som stod for, da han igjen sette ny banerekord. Denne gangen forbetra han sin eigen rekord med heile 3 slag, og dermed er den nye banerekorden på Surnadal Golfpark no 63 slag! Han var ikkje berre suveren i sin eigen klasse, men han slo også vinnaren i klasse G16 – 19 år med heile tre slag. Ei stund låg Marius heile 6 slag under banens par, men han måtte tåle 3 boogiar i siste runde. – Ein utrolig sterk runde, rett og slett – i andre tek av oss golfcapsen og gratulerer!, heiter det i ei pressemelding frå Surnadal Golfklubb. 

Alle resultat og meir om dagens turnering kan du lese på resultater fra runde 5 i Narvesen Tour 

 

Publisert: 18. juni 2023, 18:21