Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Godt å nyte sommarvarmen i turstien

Jon Olav Ørsal Måndag 19. juni 2023

Måndag føremiddag trefte vi denne gjengen som kosa seg i sommarvarmen i Toåa tursti – eller nærare bestemt ved gapahuken ved Båthølen.  De ti damene var ute på «Kløvertur» i regi av Todalen sanitetsforening, og dei let som så at det var litt for trimmens skuld og kanskje mest for å treffast og ha det triveleg i lag.

Her kan du registrere StikkUT eller Turerer i Todalen digitalt – er du framleis «analog» finn du bok i postkassen i gapahuken i Gunnøya. Foto Jon Olav Ørsal

Og i dag føremiddag var det faktisk over tjue varmegrader, og da gjekk det an å ta ein lang og god pause før dei runda av turen og gjekk kvar til sitt.  Toåa tursti er eit mykje bruka turmål, og er både StikkUT-tur og eit turmål i TILs «Turar i Todalen.  Kjem du utafrå så er det lett å finne fram, for du brukar parkeringsplassen ved kyrkja, og følgjer merka løype vidare derifrå.  God tur!

Publisert: 19. juni 2023, 18:22