Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ungdomane trør til

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 16. juni 2023

I går kveld var det igjen dugnad med frivillig arbeid i det nye ungdomsrommet i reiskapshuset på Bordholmen. Henrik Kvande-Talgø takka tidleg kontant ja på førespurnaden om han ville vere med å bidra med litt snekkering i det nye ungdomsrommet.

Dei gamle «notatblokkene» blir fortsatt nytta i faget… Foto: Elinor Bolme

Saman med kompisen Ola Nordvik tok han på ettermiddagen i går til med bygging av ein hjørnesofa. Båe to arbeider som snikkarar. Henrik som lærling på siste verset, medan Ola akkurat hadde bestått sin fagprøve. – Så kjekt at ungdommen seier ja til å bidra med frivillig innsats for idrettslaget, seier leiar i Todalen Idrettslag Elinor Bolme.

Bygging av ramme til hjørnesofa. Gjenbruk av materialer frå den gamle klatreveggen. Foto: Elinor Bolme

Under den aller første målardugnaden, saman med ungdomane som møtte, vart ferdigstilling til Todalsdagen antyda. Dette kan kanskje halde hard da det er travle kveldar for den yngre garde. Det manglar fortsatt målingsarbeid på båe langveggane. Er det nokon som har lyst til å ta ein dugnadskveld komande veke? Da er det berre å ta kontakt med leiar Elinor.

 

 

 

Publisert: 16. juni 2023, 05:00