Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Siloslått og ny flatsilo teken i bruk

Jon Olav Ørsal Torsdag 15. juni 2023

Det grøne skiftet tvingar fram mindre bruk av plast og meir rasjonell drift for innhausting av graset som blir bruka til fôr.  Todalen Mjølk har teke konsekvensen av det, og har i år gjort store investeringar for å rasjonalisere siloslåtten.  – No er dei i gang med førsteslåtten, og dei kan rapportere om både gode avlingar og god kvalitet på fôret.  

Første trinn i prosessen er slåtten – slåmaskina tek 9 meter bredde i eit jafs. Foto Jon Olav Ørsal

Ei motorisert rive samlar graset og gjer det enklare for kuttaren. Foto Jon Olav Ørsal

 

Det er no i vår bygd ein stor flatsilo med tre kammer, og etter eit par dagar med siloslått er det første kammeret i ferd med å bli fullt.  Total er det nærare 2500 mål som er bruka til grasproduksjon og med ny teknologi og nytt utstyr er nok første del av slåttonna unnagjort på 2-3 dagar.  Og jammen ser det ut som finvêret held heilt fram til og med komande helg. 

Vi tok ein liten runde med kamera for å sjå korleis slåtten gikk føre seg, og vart egentleg litt imponert over det vi såg og kor effektivt innhaustinga gjekk unna.  Starta med sjølve slåtten, der det er bruka slåmaskin med 3×3 meter – slår altså i 9 meter bredde.  Deretter blir det raka saman med ei rive som lagar ein rank som er lett å plukke opp.  Neste trinn er kuttaren – som plukkar opp og kuttar graset.  Her er det nok bruk av mykje krefter, for den sjølvgåande kuttaren har motor på 650 hk.  Når den går i fullt arbeid brukar den rundt 80 liteer diesel i timen, og det seier nok litt om kor tungt arbeid det er.  Her blir nemleg graset finkutta før det blir sendt over tilhengaren for transport.  

Ny og stor flatsilo med 3 kammer tek i mot graset hos Todalen Mjølk. Foto Jon Olav Ørsal

Her blir graset tippa opp i flatsiloen, der ei hjullastar fordeler graset og sørger for at det blir komprimert.. Foto Jon Olav Ørsal

Traktor og tilhengar transporterer graset til Pestua, der Todalen Mjølk har tilhald.  Her blir graset tippa opp i flatsiloane, der ein hjullastar sørgjer for utjamning og ikkje minst trapping og komprimering av graset.  Tilslutt blir det her lagt på ein tett duk og lagt på litt press.  

De store nyinvesteringane er nok den sjølvgåande kuttaren som kostar over 4 mill. Denne er kjøpt saman med Jan Magne Sæter i Surnadal, og Ola Vaseng i Øvre Surnadal.  I tillegg blir det bruka mange traktorar, men også det er utstyr som mellom anna er bruka til snøbrøyting om vinteren.  Elles er det basert på ein del samarbeid både om utstyr og arbeid med tanke på å nytte ut utstyret på ein best muleg måte.  

Lars Holte frå Eiksentret i Surnadal køyrte kuttaren – han hadde full kontroll og oversikt til alle kantar frå førarhuset. Foto Jon Olav Ørsal

Anders A. Karlsen frå Todalen Mjølk var godt nøgd med det nye utstyret og fortale at innkjøringa hadde gått bra. Foto Jon Olav Ørsal

Ein hjullastar sørga for fordeling av graset og for skikkeleg tråkking i siloen. Foto Jon Olav Ørsal

Den nye kuttaren kostar åleine over 4 mill. kroner. Jon Magne Sæter, Ola Vasen og Todalen Mjølk samarbeider om denne investeringa. Her er det store krefter i gang, og kuttaren har 650-hesters motor. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 15. juni 2023, 16:00