Ei helg med besøk utanom det vanlege
Denne helga vart det litt ekstra action for familien på Bruset. Søndag morgon fekk dei nemleg ein telefon frå bestefar Ola som bur på Furubu, at eit par gauper satt 30 meter ovafor stuåhusa og kika på dem. Dermed vart det liv og røre, og da fekk dei sjå at mora og ein unge satt oppi bakkan og pussa seg. Ola Dalsegg fortel at dei etter kvart oppdaga at gaupa hadde teke ein rådyrbukk og no satt dei altså å fussa seg etter eit betre måltid.