Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

TILs Julekalender – luke nummer 23

Jon Olav Ørsal Laurdag 23. desember 2023

Vi nærmar oss finalen i årets trekning av Julekalenderen.  Attafor luke nr 23 ligg det også 4 gevinstar som er klare for å glede nye eigarar.  Trekninga viser at den første gevinsten som er ein genser får Emil Mikal Kjersem som ny eigar. 

Gevinst nr 2 – viltkjøttdeig – vinnar Ella Sande Moe. Foto TIL trim

Den andre gevinsten i dag er ein pakke med viltkjøttdeig  – her vart den heldige vinnaren Ella Sande Moe. 

Gevinst nr 3 er ei lommebok – vinnaren vart Kristian Haugland Talgø. Foto TIL trim

Gevinst nr 3 er ei lommebok i skinn – her var det Kristian Hauglann Talgø som trekte det lengste strået. 

Den fjerde gevinsten i dag er eit par sokklestar i ull – vinnar vart Torgunn Nordvik foto TIL trim

Siste gevinst ut i dag er eit par heimestrikka sokklestar i ull.  Torgunn Nordvik vart vinnar av sokklestane som var dagens siste gevinst.  Felles for alle vinnarane er at dei for ein kontakt med TILs trimgruppe for å avtale levering av gevinstane.  

Da står vi att med ei trekning for årets julekalender.  Bak luke nr 24 ligg det heile 5 gevinstar – så i morgon bli det alle tiders spennande trekningsrunde – vi er klare med resultatet i julaftan kl 06.00 – følg med!

Publisert: 23. desember 2023, 06:00