Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Mjølk – travel start på dagen..

Jon Olav Ørsal Laurdag 23. desember 2023

To dagar på rad med travel start på dagen for Todalen Mjølk.  I dag har dei hatt 3 traktorar ute på brøyting og da har det gått i eitt utover morgonen, fortel Ståle Ansnes i Todalen Mjølk.  Dei har ansvaret for brøyting etter fylkesvegane frå Hauahyllå og innover til Todalen og rundt bygda.  I tilleg har dei brøyting på kommunevegane til Ansneset og til Kårvatn – i tillegg til mange private vegar. 

Todalen Mjølk har hatt 3 traktorar ut på brøyting i morgontimane i dag, fortel Ståle Ansnes. Foto Jon Olav Ørsal

Ståle fortel at det kan være hektisk når det er store snøfall, og får du vind og fokk i tillegg kan det være utfordrande å halde vegane opne.  Når det står på som vest blir det nok lange økter, det meste Ståle har køyrt er 36 mil på eit døgn – det blir faktisk ein tur til Hamar med traktor.  

Publisert: 23. desember 2023, 13:00