Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Finale for Julekalenderen – luke 24 med 6 gevinstar

Jon Olav Ørsal Sundag 24. desember 2023

Spenninga er utløyst, og luke nr 24 er opna – attafor denne luka fann vi heile 6 gevinstar som er trekt ut på julaftan.  Den første gevinsten er det faktisk Kristian Gjeldnes som har vunne, og det er ein flott trebolle som er lokalt handverk av beste slag.  

Gavekort på kr 500 frå Todalshytta – heldig vinnar var Torkjel Ansnes Moe. Foto TIL trim

Gevinst nr 2 er eit Gavekort på Todalshytta – her vart Torkjel Ansnes Moe trekt ut som som vinnar.  

1 sekk med tørr bjørkaved er gevinst nr 3 – vinnar vart Jon Olav Roaldset. Foto TIL trim

Den 3. gevinsten – 1 sekk med tørr bjørkved – hamna i Halagrenda hos Jon Olav Roaldset, på Gimle. 

Synnøve Talgø vart den heldige vinnaren av eit bilete som er gevinst nr 4 i dag. Foto TIL trim

Eit bilete som er gevinst nr 4 vart vunne av Synnøve Talgø.

Nystekte kanelsnurrar var premie nr 5 – vinnar vart Mari Hafsås. Foto TIL trim

Ein stor pose med kanelsnurrar – gevinst nr 5 – vart vunne av Mari Hafsås.

Gevinst nr 6 i dag er eit bilete – vinnarar vart Markus og Oda Marie Moe. Foto TIL trim

Siste og 6. gevinst er eit bilete som var vunne av Markus og Oda Marie Moe .

Felles for alle vinnarane er at dei blir kontakta av Todalen IL trimgruppa med tanke på avtale om utlevering av gevinstane.

Dermed er alle dei 79 gevinstane trekt ut og har fått sine nye eigarar – vinnarane er spredd over eit stort område, sjølv om dei alle fleste gevinstane har hamna lokalt her i Todalen.  Todalen IL takkar alle som har bidrege med kortreeiste og heimlaga gevinstar og ikkje alle som har kjøpt julekalendrar.  Trimgruppa fikk inn over 30.000 på denne aktiviteten som i neste omgang vil være med å gje Trimgruppa ein trygg og sunn økonomi for driftsåret 2024.  

Først publisert: 24. desember 2023, 06:00 - Sist oppdatert: 22. desember 2023, 20:49