Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Så opnar vi luke 21 – med 4 nye gevinstar

Jon Olav Ørsal Torsdag 21. desember 2023

Vi nærmar oss finalen i årets Julekalender frå TIL trimgruppa.   I dag har vi trekt 4 nye gevinstar, og fått 4 heldige vinnarar som vi presenterer her.   På første gevinsten har vi ei julestjerne i røyalimpregnert og med lys – her vart det Arndis Søyset som vart vinnar.   

Et brett med 30 egg er gevinst nr 2 – vinnar vart Anne Søyset

Gevinst nr 2 denne dagen er eit brett med 30 egg – her vart det Anne Søyset som vart vinnar. 

Kari og Gudmund på Sandstad vann ullvottane! Foto TIL trim

Tredje gevinsten i dag er eit par heimestrikka ullvottar –  Gudmund og Kari Kvendset på Sandstad vart  trekt ut til vinnarar. 

Ein stor pose med kanelsnurrar er gevinst nr 4 i dag – vinnar vart Jon Olav Ørsal. Foto TIL trim

Den fjerde og siste gevinsten i dag er ein pose med kanelsnurrar – her vart det Jon Olav Ørsal som vart vinnar.   –  Alle vinnarane får ein kontakt med TIL trimgruppa, slik at levering av gevinstane kan avtales.

Først publisert: 21. desember 2023, 06:00 - Sist oppdatert: 20. desember 2023, 09:21