Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Romjulsmarsj 3. juledag – blir du med?

Jon Olav Ørsal Laurdag 23. desember 2023

3. juledag er det klart for den tradisjonelle Romjulsmarsjen – med Todalen IL trimgruppa som arrangør.  Som vanleg inviterer Trimgruppa på ein spasertur rundt bygda – 6 kilometer storrundt om Kvennset og med gløggstasjon og registrering på Bruset.  Start mellom kl 12:00 og kl 15:00.  

Gratis reflexband til alle som blir med på Romjulsmarsjen. Foto Jon Olav Ørsal

Nytt i år er at Trimgruppa spanderer gratis reflexband på alle som deltek i Romjulsmarsjen. Reflexbanda har TIL-logo på låset og finns i 4 fargar: Orange, rødt, grønt og blått.  Trimgruppa håpar at alle brukar reflexbanda dei får no i den mørke årstida og at dette kan være eit bidrag frå T.I.L. til auka trafikksikkerheit. 

TIL-logo på låset på reflexbandet – foto Jon Olav Ørsal

Som sagt blir det gløggservering på Bruset, og det vil også bli loddsal og utlodding – med fine gevinstar.  Blir du med?

Først publisert: 23. desember 2023, 07:00 - Sist oppdatert: 29. desember 2023, 16:03