Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Det snører seg til – luke nr 19 er trekt

Jon Olav Ørsal Tysdag 19. desember 2023

Jammen var det 4 gevinster og 4 vinnarar attafor luke nr 19 også! Dermed er det berre fem luker att før vi kan runde av trekninga av årets julekalender.  I dagens trekning vart første gevinsten eit par heimestrikka utvottar trekt ut til Åshild Halle i Halagrenda.

Nykoka smultringar til Terje N er gevinst nr 2 på tysdag. Foto TIL trim

2 gevinsten som ein boks med heimekoka smultringar –  disse går til Todalsøra  og den heldige vinnaren er Terje Nordvik.

Lue og halsbuff er gevinst nr 3 i dag og vinnar vart Rolf Paulsen

Den tredje gevinsten er heimestrikka lue og hals –  disse går over marka til Belan, der Rolf Paulsen bur.  

Ein pose med brente mandlar er siste gevinsten i dag – vinnar vart Jon Olav Roaldset på Gimle. Foto TILtrim

Siste gevinsten i dag er ein pose med brente mandlar – disse vart trekt ut på Jon Olav Roaldset på Gimle i Halagrenda.  Felles for alle vinnarane er at Trimgruppa i TIL tek kontakt med tanke på utlevering av gevinstane.  

Først publisert: 19. desember 2023, 06:00 - Sist oppdatert: 17. desember 2023, 19:03