Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Den lengste natta på heile året

Jon Olav Ørsal Torsdag 21. desember 2023

Komande natt er den lengste natta i heile året.  Endeleg opplever vi vintersolsnu, slik at vi kan seie at det går mot lysare tider.  Det er nok mange som er glad for at dagane blir lengre og lysare, sjølv om det ikkje går så fort i starten.  Dei første dagane er det nok knapt eit minutt, men etter kvart aukar dagslengda med 6 minutt pr døgn.

På grunn av at lengda på eit år er ca 365,25 døgn så opplever vi at vintersolsnu kjem til forskjellig dato og tid.  I løpet av ein 4-års periode kjem 3 solsnu på 21. desember og den 4. på den 22. desember.  Dette blir regulert med skottåret – ein ekstra dag den 29. februar. 

Vintersolsnu kjem i år på den 22. desember, og det skjer nøyaktig kl 03.28 UTC.  Dermed er dagen i dag den aller kortaste i heile dette året.  Vintersolsnu skjer altså når den nordlege halvkula har størst helling vekk frå sola.  Fredag 22. desember kan vi altså gle oss til lysare dagar etter kvart, og da er det akkurat eit halvt år til sommarsolsnu.

Publisert: 21. desember 2023, 10:00