Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nye vinnarar fredag – luke 22 i julekalenderen

Jon Olav Ørsal Fredag 22. desember 2023

Fredag er det luke 22 som rår – 4 nye gevinstar er trekt ut, og dermed er 4 vinnarar på plass.  Den første gevinsten i dag er ein stikkahals i ull.  Den hamnar hos Liv Jorunn Moe i Bekkerhagan.  

Gjermund Moe er vinnar av ein sekk med ved. Foto TIL trim

Den neste gevinsten er ein sekk med tørr bjørkved.  Den bers det litt lenger med, og hamnar i Molde hos Gjermund Moe.

Vinnar av brødbakst er Marit Tørset. Foto TIL trim

Den tredje gevinsten er Brødbakst som er trekt ut på Marit Tørset i Sissigrenda.

Gevinst nr 4: Vinnar av honningglas vart Adrian og Magnar Vikan Foto TIL trim

Fjerde og siste gevinsten i dag er eit glas med honning – Det hamnar på Nordvik hos Adrian og Magnar Vikan.  Felles for alle er at dei får ein kontakt frå TIL trimgruppa , med tanke avtale om utlevering av gevinstane.  

Først publisert: 22. desember 2023, 06:00 - Sist oppdatert: 20. desember 2023, 13:00