Laksestarten er som å vente på julekvelden
Laksefisket nærmar seg med stormskritt – i Toåa startar fisket den 15. juni og varer til 15. august. I Surna er dei i gang om ei veke – nærare bestemt tysdag 1. juni går startskotet der. Det er nok mange som stundar til at laksefisket skal starte, og «medan du ventar» har Todalshytta lansert ein flott promoteringvideo i samarbeid med utstyrleverandøren Zpey. Opptaka vart gjort i Toåa i fjor sommar og resultatet – ein videosnutt på 3-4 minutt vart sleppt for eit par dagar sia.