Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tek fram i dagen tante Kallas kunstverk.

Jon Olav Ørsal Tysdag 15. juni 2021

Kalla Skrøvset var tante til Odd Skrøvset.  No har Odd fått jobben med å ta fram i dagen igjen kunsten som Kalla måla rett på veggane i Kalla-rommet på Surnadal Hotell.  Kunsten pryda nemleg veggane i rommet som låg innafor stua på hotellet, og Kalla-rommet var mykje utleid som møterom.  Men da hotellet vart bygd ut vart heile denne fløya revet for å gi plass til eit nytt og tidsmessig bygg – der mellom anna restauranten Horisonten ligg i dag. 

Odd og Olav har montert saman bitar og restaurert enkelte motiv – eit arbeid som har teke fleire dagar. Foto: Jon Olav Ørsal

Men veggdekorasjonane som Kalla Skrøvset måla direkte på veggen er datert 1950-1951, og består av eit stort utval motiv som tilsaman pryda veggane i Kalla-rommet.  Den denne fløya vart revet vart det gjort eit iherdig forsøk på å ta vare på platene med måleri på.  Nokre vart berge nokon lunde heile, medan andre nok vart skadd og delvis øydelagt i denne prosessen da platene var utruleg sprø og tålte lite. 

No har Odd Skrøvset altså fått jobben med å prøve å rekontruere og restaurere nokre av motiva.  Odd har alliert seg med Olav Karlstad som har erfaring med slikt frå konstforeninga, og saman har dei to jobba i fleire dagar med å ta utsnitt og lage enkeltbilder av dei motiva som egnar seg til det.  Tilsaman har dei laga 11 enkeltbilder – både små og store og faktisk fått til å ta vare på mykje av plåtebitane.

Det har vore som å bla i ei historiebok seier Odd, og viser fram bilda som viser eit breidt utval av motiv frå livet i bygda på den tida motiva vart måla, og di viser kva folk heldt på med den tida. Han fortel vidare at det også skal bli høve til å sjå bileta for publikum etter kvart.  Dei skal nemleg stillast ut i Kallastua den 5. august – som eit av hovudtemaene under denne utstillinga.

Kalla Skrøvset var tante til Odd. No sett han pris på å få delta i jobben med å ta vare på denne spesielle kunsten som vart måla rett på veggen i Kallarommet på Surnadal hotell. Den 5. august blir det høve til å studere desse bileta nærare, når dei blir med på utstillinga i Kallastua. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 15. juni 2021, 14:00