Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Asle Beck og Todalshytta hadde vêrgudane på lag

Jon Olav Ørsal Laurdag 5. juni 2021

Asle Beck og Eirik-André Rydningen rakk akkurat å runde av friluftskonserten på bakkan framfor Todalshytta før regnet meldte sin ankomst.  Det er jammen ikkje mange kveldane i løpet av sommaren at ein kan oppleve så fine kveldar, og kan nyte eit musikalsk kulturprogram som hadde høve til i kveld. Det er heilt fantastik å kunne nyte så flott musikk, og samtidig kose i sommarkvelden.

Asle beck er todalsvenn og har spilt konsertar i Todalen før. I 2015 deltok han på låtskrivarseminaret på Todalshytta og skriv mellom anna «Alt er nå» saman med Jeff Wasserman og Elg. Foto: Jon Olav Ørsal

Asle Beck bidrog med eit variert program av både kjente og ukjente – og nye og gamle visetekster, og klarte å skape ein god atmosfære denne sommarkvelden. Og publikum tok i mot og applauderte til dei to på scena.  For Todalshyttas folk var det også travelt – i sommarvarmen var det godt å kjøle seg ned litt og gjenopprette væskeballansen eller å smake på den nye menyen som Edits Spiseri har å by på – spesialmeny for kvelden konsert var bacalao smakte fortreffeleg. 

Publikum kosa seg i sommarkvelden på bakken framfor Todalshytta, Foto: Jon Olav Ørsal

Asle klarte å skape ein triveleg kveld med sine mange småhistorier mellom dei til saman 14 songtekstene han framførte, mellom anna fortalte han frå låtskrivarseminaren han deltok på i regi av Todalshytta i 2015, da han saman med Jeff Wasserman og Elg – resultatet frå det møtet vart songen «Alt er nå» som han framførte.  Sjølvsagt vart det også eit par ekstranummer før Asle og Eirik-Andrè runda av med «Skur 55» som næarast er kjnningsmelodien til Asle Beck. 

Flott sommarkveld på bakken framfor Todalshytta da publikum kosa seg med både vått og tørsf før konserten. Foto: Jon Olav Ørsla

Asle Beck og Eirik Andrè rydningen fikk god kontak med publikun under friluftskonserten på Todalshytta laurdag kveld. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 5. juni 2021, 20:53