Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nystussa kyrkjegard med dugnadsinnsats

Jon Olav Ørsal Torsdag 3. juni 2021

Torsdag kveld var det «kløppardugnad» på kyrkjegarden i Todalen.  Heile kyrkjegarden vart pussa opp – først med traktorkløppar og så finpuss rundt gravstøttene, kyrkjegardsmuren og blomsterbeda.

Det er nok kyrkjeleg fellesråd som er ansvarleg for stell av kyrkjegarden, men bygdefolket har etter kvart sett seg lei på den ustelte kyrkjegarden .  Derfor har dei moblisert til kløppardugnad, slik at vi kan få ein velstelt kyrkjegard som vi kan være stolte av.  Rundt 10 arbeidstimar vart torsdag kveld bruka på dette arbeidet, og jo fleire vi er dess fortare går det.  Dugnadsarbeidet blir organisert av soknerådet. 

Publisert: 3. juni 2021, 18:51