Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Turstien til Snyta er ferdig «oppgradert».

Jon Olav Ørsal Sundag 13. juni 2021

Dei siste veken har det pågått dugnadsarbeid på turstien opp til Åsbøsnyta.  Det er trimgruppa i I.L. Søya og iherdige deltakarar frå Nærmiljøet på Nordvik som har lagt ned ein stor innsats for å gjøre tuyrstien betre. Det er lagt ut plankar for å gå på, og det er laga mange små grøfter for å lede vekk vatnet frå stien.  

Nina Marie Solem Måøy frå Nordvik med lille Peder (1 1/2 år) på ryggen tykte stien opp til Snyta har vorte bra. Foto: Odd Arild Sande

Odd Arind Sande som er leiar i Nordvik grendalag tok turen opp til Snyta for å sjå på resultatet av fleire veker med dugnadsarbeid – han har sendt oss bilder frå turen og frå turmålet på toppen av Snyta. Odd Arild er imponert over resultatet, og han trefte fleire som var ute på tur og som rosa prosjektet som er gjennomført.  

Det er mange som har delteke på dugnadsprosjektet, men Sande har lyst til å gje litt ekstra honnør til Ola og Ingrid Røe som har hytte i området, og som samla dugnadsgjengen på hytta for dugnadskaffe og traktering.

Belønninga når du kjem opp er den flotte utsikten – her er det irsksetteren Simba om fikk være med på luftetur til Snyta. Foto: Odd Arild Sande.

Oppi rabbå står det infoskilt om Stikk UT! – turen til Snyta. Foto: Odd Arild Sande

Publisert: 13. juni 2021, 06:37