Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ustabil leveranse frå Bjøråa vassverk den siste tida.

Jon Olav Ørsal Onsdag 2. juni 2021

Leveransane frå Bjøråa vassverk har vore utstibe den siste tida – seinast i går kveld var det stopp i vassleveransen ein kort periode.  Vi tok ein prat med Michal Heimlund som er driftsleiar for vann og avløp i Surnadal kommune for å høre kva som foregår og kvar skoen trykkjer.

Tysdag vart det utbetra ein teknisk feil på anlegget. No er det håp for at vassforsyninga skal bli meir stabil. Foto: Surnadal kommune

Heimlund bekreftar at det har vore fleire feilmeldingar den siste tida, og han beklagar at leveransane frå Bjøråa vassverk har vore ustabile av fleire men samanfallende årsaker.  Det har vore ein teknisk feil på anlegget, og den vart retta i går. Eit anna problem ved anlegget er at kapasiteten ved vanleg drift er tilnærma fullt utnytta – det gjelder ikkje inntaket, men det gjeld pumpa og rørsystemet ut til kunden. I varme og tørre periodar med stort vassforbruk blir det difor problem med å produsere nok vatn til distribusjon.

Dette brukar vi vatnet til!

Difor er det viktig at det ikkje blir bruka vatn til plenvanning i varme periodar med ekstra stort vassforbruk.  Heimlund fortel at det går 1000-1500 liter i timen til plenvanning – det tilsvarer vassforbruket til 10 personar i eit døgn. Dermed blir det problem med trykket for abonnentar som ligg høgst og som ligg langt unna. Han oppfordrar difor til å redusere vassforbruket frivillig, og vil nødig legg restriksjonar på leveransen uten at dette er heilt nødvendig.  Heimlund seier at sjølv om han oppfordrar til å unngå plenvanning, så betyr ikkje det at ein ikkje kan vatne blomstrar og vaske bil med normalt forbruk 

På spørsmål om det ikkje er ei løysing å bygge ut anlegget, så svarer Heimlund at det ikkje er pengar på budsjettet til det i år.  men han fortel at det blir jobba med ei ny hovudplan for alle vassverka i kommunen med tanke på å kapasitet og kvalitet.  Vi reknar med å få rapporten rundt årsskiftet og da vil det bli sett opp ei prioritering i forhold til forventa behov i ei årrekkje framover.

Her frå Bjøråa kjem reserveforsyninga til Vassverket frå. Hovudforsyninga kjem frå ei underjordisk kjelde. Foto: Surnadal kommune.

 

 

 

Publisert: 2. juni 2021, 13:04