Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalslaks – ikkje den største men den første i år!

Jon Olav Ørsal Tysdag 15. juni 2021

Da er årets første laks forlengst komen på land i Toåa – todalingen Carsten Bohle vart førstemann og det skjedde i Nedre Skjorahølen tysdag føremiddag kl 9.40.   Den kjem nok langt i frå til å bli ståande som nokon rekordlaks, men vekta stoppa på nøyaktig 3.500 gram eller rettare sagt 3,5 kg. 

Det var ein flott og nygått villlaks som vart førstemann på land, ein hannlaks på 71 cm – teken på sluk.  Det er no fine forhold i elva og god vassføring for å prøve laksen i elva.  I natt og i morgontimane var det faktisk få fiskarar i elva, men alt i ettermiddag er det selt mange fleire kort og det vil nok bli større trykk på fisket etter kvart. 

Førstemann på vekta var 3,5 kg – Carsten Bohle fikk napp i nedre Skjorahølen. Foto: Bjørn Gunnar Ansnes

Det blir spennande å sjå om teorien om eit godt år for mellomlaksen i Toåa, men det får  vi nok sjå konturane av ganske fort dersom vi følgjer med på nettsida www.elveguiden.no som administrerer kortsalet og fangststatistikken.  

 

 

 

Publisert: 15. juni 2021, 11:12