Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7183 artiklar i dette arkivet.


Rekordarta biltog rundt bygda.

Jon Olav Ørsal Måndag 17. mai 2021

Sjølv om feiringa av nasjonaldagen var prega av koronatiltak, så la det så absolutt ikkje nokon dempar på feiringa. Som seg hør og bør var dagen prega av mange bunadskledde og oppstasa deltakarar og så vart det ei skikkeleg rekorddeltaking i biltoget – heile 88 biler passerte Trudvangkrysset kan Torill Talgø bekrefte.


Full alarm i Storlidalen – rapporterer stor rasfare

Jon Olav Ørsal Fredag 14. mai 2021

Det har gått eit stort snøskred i Storlidalen, og det er massiv uttrykning til rasstaden med både SAR Queen, Luftambulansen og lokale redningetatar.  På radioen vart det etterkvart meldt av tre spor som går inn i raset er gjort rede for, men det er uvisst om det er fleire.


Kammerpike Edit har menyen klar – med ein spesial for 17. mai!

Jon Olav Ørsal Onsdag 12. mai 2021

På Todalshytta fell brikkane på plass, ein etter ein, og no er menyen klar til å presenterast for publikum, fortel Arve Evensen som er vertskap på Todalshytta.  – Ein rask kikk på menykartet avslører at «Kammerpike Edits SPISERI», som restauranten kalles, har litt av kvart å by på.  Her finn du Ethelberts Ulendte, som er viltlasagne med lokal hjort,  eller Klepper Halles Landing, som er dagens ørret/laksefìlét.  Men du finn også mykje anna godt på menyen – både kjøtt, fisk og fugl.  Nedafor finn du heile menykartet….


Det er mykkjy så kjem fram når snøen forsvinn

Jon Olav Ørsal Onsdag 12. mai 2021

Songteksta til Gluntan er stadig like aktuell – det er faktisk mykkjy som kjem fram når snøen forsvinn.  Leiar i Nordvik grendalag har tømt søppelsennen han samla mellom Svinvika og Nordvik, og viser at det er nyttig å samle søppel rundt vegkantane.  Nordvik Grrendalag hadde aksjon måndag kveld for å rydde til 17. mai og for å rydde vekk alt søppel som har vorte liggande i løpet av vinteren.


11.05.2021: Status frå koronavaksineringa – ein periode med kun vaksiner til dose 2

Jon Olav Ørsal Tysdag 11. mai 2021

Vi vaksinerer like mange som tidlegare, men med vaksineforsyningane vi får frå FHI no, vil det kun vere til dose 2 vi får vaksiner.  Dette betyr i praksis at det blir ein kortare pause i vidare innkalling til dose 1 i gruppe 4. Vi tek sikte på å kunne starte opp med innkalling til dose 1 for denne gruppa seinast i veke 22. FHi har varsla at det vil bli eit betydeleg løft i antal vaksinedoser inn til landet frå juni og utover. Mange kommunar heng litt etter no i mai, men ventetida er, trass i alt, snart over for dei fleste.


No kan du booke bord på Todalshytta på nettet

Jon Olav Ørsal Måndag 10. mai 2021

No er det gjort utruleg lettvint å booke bord på Todalshytta.  Du kan no booke via PC, nettbrett eller telefon – enkelt og greit.  Etterpå får du bekrefta di bestilling pr e-post eller messenger. Enkelt og greit både for deg som er kunde og for oss på Todalshytta som tek i mot bestillinga.  Sjølvsagt kan du også bestille via telefon eller personleg frammøte – dersom du heller ønskejr det, seier Arve Evensen til Todalen.no.



Nordvik grendalag møter våren

Jon Olav Ørsal Fredag 7. mai 2021

Nordvik Grendalag har hatt styremøte og lagt planer for våren.  Aktivitetane i grendalaget har vore sterkt påverka av koronasituasjonen og fokus på å unngå smittespreiing, men no ser styret lys i tunellen og håper det blir litt meir fart etterkvart.


Startar sesongen 20. mai – litt på etterskot

Jon Olav Ørsal Fredag 7. mai 2021

Torsdag 20. mai opnar Svinviks Arboret for ny sesong.  Det er litt seinare enn vanleg, med rododendronblomstringa er nok litt forsinka på grunn av den siste snøen og kalde netteer i april og hittil i mai.  Men da reknar vi med å gå direkte inn i høgsesongen, seier Maja Frønes som er leiar for arboretet. 


Stangvik – No blir leilighetene lagt ut for sal

Jon Olav Ørsal Torsdag 6. mai 2021

Stangvik Boligutvikling er no komne inn i ei ny fase, og er klare for å starte salet av dei 10 leilegheitene som er planlagt det tidlegare aldersheimbygget i Stangvik. Det fortel Bjørn Kristian Brøske, som er dagleg leiar for selskapet. Etter at Stangvik Boligutvikling kjøpte bygget har det vel og lenge vore drive planarbeid med tanke på å utvikle bygget til fleire sjølvstendige bueiningar som kan seksjonerast og tinglysast kvar for seg.  No er det altså klart for å starte salsarbeidet.


Vi gler oss til å ta imot dei første gjestane

Jon Olav Ørsal Torsdag 6. mai 2021

På Todalshytta har det vore full aktivitet heile etterjulsvinteren, og jammen vises det både her og der at det har foregått ei vesentleg oppgradering av heile hytta – eller Phillips Lodge som Arve Evensen  kaller  kaller det. Han tykkjer det har vorte så fint her at det blir litt meir andektig å kalle det for Phillips Lodge.  Både Arve Evensen og kokken Kalle Kopponen gler seg til å opne hytta for publikum, slik at dei både får sjå kor fint det er og smake maten som Kalle har å by på.  Alt på fredag har dei tenkt å opne dørene for publikum, og inviterer på ein slags softopning så tidleg i sesongen.


Er først ute: – Satelittstyrt slåttonn på Søyabanen

Jon Olav Ørsal Onsdag 5. mai 2021

Onsdag var det montering og tilrigging av nye rotorklipparar på Onsdag var det montering og tilrigging av nye robotklipparar på Søya-bannen. I.L. Søya har investert rundt 120.000 i nytt og topp moderne utstyr som skal sørge for å klippe graset på fotballbanen.  Det er to klipparar med kapasitet på rundt 5000 m2 kvar som skal utføre jobben i sommar, fortel Kristian Ansnes, som er banekoordinator for baneanlegget og nestleiar i I.L. Søya.