Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ny satsing: Visit Nordvest på visitt til Todalen

Jon Olav Ørsal Tysdag 29. juni 2021

Det siste døgnet har Visit Nordvest vore på Todalsvisitt, men tanke på å promotere Todalen som turistmål.  Vi fekk eit lite frukostintervju med gjengen som er på 14-dagers tur rundt på Nordvestlandet for å samle inn bilde, film og inntrykk med tanke på neste års marknadsføring av området og satsing mot reiselivet.

Dei starta i Kristiansund, og har vore innom Grip før dei sett kursen innover til Todalen.  I løpet av måndagen var dei på tur til Bjøråskaret i tillegg til Storfossen og laksefisket i Toåa før dei enda opp på Todalshytta med både intervju og fotosession.  Det vart mange fine scoop frå Bjøråskaret – både med drone og stillbilde – men det var litt for mykje tåke i Innerdalsfjella med tanke på optimalt fotoresultat.

Gjengen var imponert over Todalshytta og det som har skjedd her den siste tida, der miljøet frå tidleg 1900-tal er gjenskapt og heng godt i veggane.  Med visse trekk som likna på det kjente Hotell Union Øye i Norangsdalen som faktisk vart bygd på same tida.

Terje Talgø og Arve Evensen har leid Todalshytta på åremål og satsar på ny giv med store forandringar både når det gjeld mat og opplevingar for turistane. Foto: Jon Olav Ørsal

Bilde og omtale frå Todalen og Todalshytta vil nok sette sitt preg på marknadsføringa av Todalen og området rundt – kanskje alt frå hausten, men iallfall frå neste sesong. Satsinga på Visit Nordvest og visit Møre og Romsdal har vore vellukka og førte til både stor optimisme og stor auke i turisttrafikken i fjor.  Mykje info som er produsert tidlegare ligg ute på nettsida til Visit Møre og Romsdal

Publisert: 29. juni 2021, 09:30