Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ein god og viktig Todalsdag

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. juni 2021

Todalsdagen 2021 kan uten tvil omtalast som ein suksessfull dag på alle vis.  Lenge var det usikkert om det kunne arrangerast nokon Todalsdag, på grunn av smittevernreglar og risiko for spreiing av koronasmitte.  Etter kvart var det beslutta at ein skulle kjøre eit amputert arrangement utan fotball, slik at ein heldt seg innafor gjeldande reglar for smittevern.  Men i tolvte time – eller rettara sag ei veke før arrangementet vart det klar at myndigheitene ville tillate breddeidrett igjen – og dermed fotball. 

På høg tid at borna fekk spele fotball igjen, seier Ola Dalsegg som leia fotballcupen. Vi hadde ei lita veke på oss til å lage ein fotballcup – når alle vil så får vi det til, har vi iallfall fått vist, seier Dalsegg. Foto: Jon Olav Ørsal

Det var jammen på høg tid, og arrangørstaben var sporty nok til å sette fotball for dei yngste klassane på programmet på berre ei lita vekes varsel.  Dermed vart det sendt ut invitasjon til idrettslaga i området, og jammen var det respons der!  Heil 35 lag meldte seg på fotballcupen i løpe av eit par dagar og dermed var det duka til årets første fotballfest på Bordholmen – ei fotballfest der alle vart vinnarar.

Premier høyrer med i ei god fotballturnering. I dag var alle vinnarar og alle fekk med seg ein slik plakett til å sette i premiehylla for å ta vare på gode minne. Foto Jon Olav Ørsal

Laurdag har fotballen rulla rundt på fotballbanen på Bordholmen heile dagen, og vi trur at det var mange som heldt godt rundt plaketten dei fikk for deltakinga i cupen da dei drog utover stranda.  Vi håper at alle som har deltake sitt att med berre gode minner frå dagens fotballfest. 

Todalsdagen er kjent for sitt gode mattilbod – ikkje noko unntal i dag. Foto: Jon Olav Ørsal

For Todalen Idrettslag har det og vore ein suksessfull dag med bra sal både i kiosken og grillavdelinga, og det kan vi takke alle gjestane på Bordholmen for.  Dei små fotballspelarane har nok hatt med seg både foreldre, besteforeldre, tanter og onklar som har vore engasjerte som ein slags sponsorar.  Alle har bidrege til ein vellukka dag på Bordholmen i dag – kvar på sin måte. 

Enkelte kjempa om løyperekordar, medan andre konkurrerte berre med seg sjølv. Foto: Jon Olav Ørsal

Nils Ove Bruset var speaker og heldt styr på start og stopptidene for alle fotballkampane. Foto: Jon Olav Ørsal

Bra oppmøte på Bordholmen på årets Todalsdag. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 26. juni 2021, 15:49