Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

I natt gikk Hønhalsen – fritt fram for bading!

Jon Olav Ørsal Sundag 27. juni 2021

Oppunder Blåfjellet ligg Hønhalsen – kvart år trer hønefiguren fram i restane etter vinteren. Og kvart år går Hønhalsen av rundt St.Hans – enkelte gong før og enkelte gong etter St. Hans. Foto: Jon Olav Ørsal

I nattens mulm og mørke har siste rest av hønhalsen gått av.  Vi har dei siste dagane hatt eit auge på Hønhalsen, slik at vi skulle kunne informere så snart som muleg.  I går var det forresten lågt skydekke og vanskeleg å halde fokus på tilstanden, men i dag kom den første meldinga tidleg, og da var det ingen tvil.

I fjor var det nok noko seinare, da gikk Hønhalsen først den 14. juli – som nok var uvanleg seint.  No er det i allfall fritt fram for alle badelystne for å ta seg ein dukkert.  Frå gammelt av var det nemleg «brukeleg» å vente med badelivet til Hønhalsen var gått av. 

No kan det faktisk ligge an til eit yrande badeliv, for vermeldinga på yr.no lovar no både finvêr og høge temperaturar i 10-dagesvarselet

Publisert: 27. juni 2021, 11:54