Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

The Invalidos live – oppmøte over all forventning…

Jon Olav Ørsal Torsdag 1. juli 2021

Dette vart over all forventning, sa Jon «Jobus» Husby, etter at livekonserten på Bordholmen var ferdig i ettermiddag.  Han meinte sjølvsagt talet på publikum, som vart eit 60-tal med smått og stort.  Det vart nok mest stort, for The Invalidos har spesialisert seg på gammeldans som sjanger. – Men musikken var nok meir enn forventa – rett og slett bra. Det trur vi at publikum tykte også, til tross for at Jostu poengterte at kappelmeister Johs Holten var fråverande denne dagen.  

Folk kosa seg i finvêret under friluftskonserten på Bordholmen. Foto: Jon Olav Ørsal

For publikum dei kosa seg i varmen og solsteiken på Bordholmen, der The Invalidos hadde rigga seg til i skuggen under overbygget på klubbhuset.  Og i litt over ein time heldt dei publikum i ånde med triveleg gammeldansmusikk – ispedd nokre litt moderne og faktisk også eigenproduserte tekstar. Konserten båade starta og slutta med «Jularbos brudevals» som nok er favorittnummeret til The Invalidos, men vi var også innom «Trivelege Trøndelag», «Midnattstango», «Livet på Finnskogen» og mange fleire. 

bra med folk under friluftskonserten på Bordholmen – på tide at vi kan opne opp litt slik at folk kan treffast igjen og at kulturberarane kan finne fram att instrumenta sine. Foto: Jon Olav Ørsal

Veldig bra tiltak – etter snar halvanna år fråvær frå alle kulturarrangement så var nok dette eit kjerkome innslag både for spellmennene og for publikum.  Vêrgudane var også med, for når du kan arrangere konsert i sol og 25-26 varmegrader på Bordholmen er det nok ingen som klagar. Dette setter vi stor pris på.!

The Invalidos består av Jon Bjarne Husby, Ola Baardset, Erling Myrbostad, Gudmund Husby, Hroar Kvande, Jon Bjarne Husby og Erik Moen. Johs Holten var fråverande i dag – vi helsar god betring til Johs! Foto: Jon Olav Ørsal

Erik Moen tok Mosipan – nasjonalsongen til Härjedalen i Sverige. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 1. juli 2021, 17:41