Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

The Invalidos med drive-in konsert på Bordholmen

Jon Olav Ørsal Tysdag 29. juni 2021

Torsdag ettermiddag – nærare bestemt kl 16.00 køyrer The Invalidos i gang med sin «drive-in» konsert på Bordholmen stadion på Kvennset.  Om du ikkje får køyre heilt fram til scena, så er det iallfall full dekning for å kalle det friluftskonsert. 

Der blir det open kiosk med sal av is og kaffe, og andre forfriskningar.  Om yr.no treffer på med sine vêrprognosar, så kan det nok være godt å ty til forfriskninger  – dei lover godt over 20-talet på gradstokken denne dagen. 

Konsertvër av beste slag, lovar  yr.no

The Invalidos startar altså kl 16.00, og held på så lenge dei har nokon som vil ha underhaldning, gliser Jon «Jobus» Husby, som er både kapellmester og impresario i samband med konserten, der sjølvsagt alle er velkomne!

 

 

 

Publisert: 29. juni 2021, 15:35