Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ny runde med asfaltering av skader i asfalten

Jon Olav Ørsal Måndag 28. juni 2021

I dag har det pågått asfaltering av mange små grufser rundet bygda.  Dei par vekene har Mesta førebudd asfaltering der det er skader i asfalten rundt heile bygda.  Pengane strekk nok ikkje til slik at alt blir utbetra, men dei verste hola i asfalen blir no reparert. 

Det er no lenge – kanskje 30 – 40 år – sia det vart lagt asfalt på heile streninga, og asfalten ber nok preg av at den har fått mykje hard medfart.  Kanskje det hadde vorte billigare å lagt heilt ny asfalt på heile strekninga frå tunellen og rundt bygda i staden for all klattlegginga og alle oljegrusklattane som er fylt i dei verste hola.  Ikkje veit vi?

 

 

Publisert: 28. juni 2021, 15:10