Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Håvard satsar – setter alle klutar til!

Jon Olav Ørsal Fredag 2. juli 2021

Det var i 2015 han starta med trening saman med ein kamerat – han fann fort ut at han trivdes med å trene og halde seg i form.  I starten vart det både løping og sykling, men han fann ut at han måtte gjera eit val, og spesialisere seg.  Den gongen trivdes han best i sykkelmiljøet, og dermed var valet gjort.  – Eg både fekk løst, og vart oppfordra – og når ein held på med noko som er artig, så har det lett for å dra på seg. 

Håvard er glad han har ein romsleg arbeidsgjevar og lokale sponsorar når han no satsar for fullt. Foto: Jon Olav Ørsal

Etter kvart har det vorte meir seriøs satsing, og i dag utgjer nok trening og konkurransar ein 50% jobb reint tidsmessig.  I tillegg til mykje trening, så blir det også mykje reising for å ta del i konkurransar over heile landet.  Da er eg takknemleg for at eg har ein så raus ein arbeidsgivar, at eg får ta fri når eg treng.  Talgø Møretre er i tilleg med som sponsor, saman med Sparebank1 Nordmøre, Trollheimen SK  og Intersport Olaf Moen.  Håvard jobbar nemleg som mekaniker hos Talgø Møretre, og det er nok tøft å jobbe 100% når han brukar så mykje tid på sporten sin som han gjer. Dei fleste av konkurrentane hans driv nemleg sykling på heiltid. 

Til dageleg er Håvard mekaniker hos Talgø Møretre i Surnadal. Foto: Jon Olav Ørsal

Med ein slik treningsmengde kan det nok bli tøft nok, men likevel har Håvard lyst til å trappe opp treningsmengda enda eit hakk til.  I år har han trena 30% meir enn i fjor og kjem vel dette året på rundt 700 treningstimar som utgjer rundt 13 timer pr veke – hittil i år har det vorte 390 timar.   I vinter vart det egentleg tøfft nok og det var kanskje i meste laget med fullt arbeid, ettersom det er mykje tungarbeid i mekanikerjobben.  Må nok passe på betre med maten også, og sørge for å få nok kvile for å klare det.  – Tida er kanskje inne for å redusere jobben litt også, seier Håvard .

No er det full sykkelsesong, og det betyr at frå slutten av april til uti september ein gong så er det full rulle med både trening og konkurranser.  I fjor deltok Håvard på rundt 25 konkurransar og i år blir det kanskje fleire. Denne helga er det i Trysil – Osensjøen rundt og neste helg er det NM i Kvam – med Furusjøen rundt. Det blir mange mil i bilen kvar helg – da hjelper det å ha ny og fin følgjebil.  Håvard må starte kl 04 laurdags morgon for å rekke dagstur til Trysil.

Volvo: Ny flott følgjebil som blir lagt merke til i sykkelmiljøet – sponsorreklame på panser og dører. Foto: Jon Olav Ørsal

Om vinteren er det sesong for E-sport sykling.  Da kjemper han mot kollegaer, der dei sitt på kvar sin heimplass og har hjelp av avanserte dataprogram som simulerer konkurransane.  Håvard har vunne fleire etappar i internasjonale konkurransar, og viser dermed at han er med i teten.

Utafor treningsrommet heime på Gjerstad står det forresten ein flott kongeblå Volvo med 2 syklar på taket og sponsorreklame både på panseret og på sidedørene.  Flott bil som blir lagt merke til og som vekker oppsikt når han er på løp.  Dei to syklane på taket kostar over hundre tusen kvar og i tillegg er det avansert sykkel- og datautstyr i treningrommet.  Så denne sporten krev nok litt satsing.  Det var kanskje dumt at eg ikkje satsa vidare på løpinga, gliser Håvard, – da hadde eg ikkje trengt anna enn nokre joggeskopar.  Men han tek seg fort innat, og seier at ein hobby skal da koste litt – og da meiner han nok både litt pengar og litt tid.  – For det er nok ein hobby, sjølv om eg held på som ein proff, seier han tørt.

Håvard skryter av kona Indy, som er ein god støttespelar som sørger for tilrettelegging av kosthaldet. Han treng nemleg skikkeleg mat som held på slik.  – Eg er nok heldig med at ho jobbar mykje på kveldstid, slik at eg får bruke så mykje tid eg treng på «hobbyen» min.  – Ho driv nemleg eigen salong med thaimassasje og det er nok godt for Håvard også , når han treng å løyse opp muskelknutar ett harde treningsøkter. 

E-sport – sykkelkonkurransar på nettet – avansert datautstyr og internett gjer Håvard i stand til å delta både nasjonalt og internasjonalt – og Håvard han hevdar seg godt! Foto: Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 2. juli 2021, 18:09