Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stor glede i Blodbanken – Gåve frå Ræta Opp

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. juni 2021

Blodbanken i Kristiansund var representert på Bordholmen i samband med at mosjonsløpet Ræta Opp vart arrangert i samband med Todalsdagen 2021.  Vi trefte Randi Solskjær Tømmervåg og Elisabeth Sandvik som på vegne av Blodbanken i Kristiansund var veldig glade for gåva frå Todalen idrettslag og Ræta Opp.  Startkontingenten frå årets arrangement går nemleg uavkorta til Bodbanken i Kristiansund i år. Kor mykje det blir veit dei ikkje før om nokre dagar når alle pengane er komne inn. 

Sekretariatet for RætaOpp – Frå ventre løpsleiar Ingvild Kårvatn, Jo Gjeldnes, Daniel Zwick og Mari Redalen. Foto Jon Olav Ørsal

Dei to som representert Blodbanken fortale at dei skulle bruka pengane på noko som kom blodgjevarane til gode.  Spesielt dei som ligg lenge når dei gir blod med blodplater – som tek eit par timar.  Blodbanken i Kristiansund har rundt 1000 blodgjevarar, men har stadig behov for fleire.  Ein aksjon i fjor haust gorde at dei fikk 200 nye blodgjevarar, men dei kunne gjerne tenkt seg fleire frå «indre». Det er stadi behov for blod, og dersom du kan tenke deg å bli blodgjevar, så er det berre å ta kontakt.  

Når er det behov for blod?
Vi kan berre ramse opp situasjonar når det er mest aktuelt å bruke blodoverføringar: Kreftbehandling, brannskader, opersjonar, ulykker, fødslar og forskjellige blodsjukdomar m.m. Meir info finn du på heimesida til blodbanken på linken GiBlod

Vil du være med å gi gåve til Blodbanken gjonnom TIL kan du framleis gjøre det dersom du er kjapp – Vipps nr 107833 RætaOpp

Publisert: 26. juni 2021, 14:01