Finale for EM-gjengen i denne omgang
Søndag er siste dagen for årets Randonee-EM Vall de Boi i Spania. Siste dagen er det stafett som står på programmet, og juniorane starta kl 9.30,
Vi fann 7116 artiklar i dette arkivet.
Søndag er siste dagen for årets Randonee-EM Vall de Boi i Spania. Siste dagen er det stafett som står på programmet, og juniorane starta kl 9.30,
Laurdag var det individuell som stod på programmet i Randonee-EM som dei siste dagane har gått føre seg i fjelllandsbyen Vall de Boi, som ligg i Catalonia i Spania. Det norske landslaget, der Erik Kårvatn er med, har fått måle kreftene med dei aller beste i Europa og har god grunn til å være stolte av resultata dei har oppnådd desse dagane. I dag var det som sagt individuell som stod på programmet, og i all enkelheit går det ut på kome til toppen så snart som muleg og så sette utfor og kome først i mål.
Langs stranda på Nordvik er det mykje trær og buskas i fjæra, som er etterlatenskaper etter ekstremvêret Gyda som var for eit par veker sia. No lurar Odd Arild Sande og fleire med han på om det er fleire plassar at fjæra er rota til, slik at det kanskje har vore formålstjenleg med ei koordinering av ryddeinnsatsen.
For rute 46 Kvanne – Rykkjem meldes det at det blir forsinkelsar i sambandet den neste timen pga. vogntog som har køyrt seg fast ved ferjekaia. (14:12)
I det nye året har vi hatt eit spesielt vêr – først var det mykje regn, og no er det mykje snø. Og snøvêr det betyr snøbrøyting det betyr ekstra jobb for mannskapet på Todalen Mjølk. Det har brøytinga både på fylkesvegane og kommunevegane (eks. Kårvatn) og brøyting av private vegar og rundt butikken og fabrikkanlegget på Kvennset.
Det er ikkje berre i Beijing det blir kjempa om gull og glitter. Randoneelandslaget deltek på EM i Spania – nærare bestemt i landsbyen Vall de Boi, som ligg i Catalonia på rundt 1100 m.o.h. I dag er det vertikal som står på programmet, og det går kort og godt ut på å kome seg fortast muleg til toppen! Og fort gikk det til gangs for damene i 18-årsklassen – Ida Waldal frå Hommelvik gikk heilt til topps med ei bestetid på 30,53, medan Elise Hjelset Andersen kom på 8.-plass og Malin Indergård frå Romsdal på 9.-plass.
Onsdag var den første dagen med konkurranse under EM i randonee, som går i den spanske landsbyen Vall de Boi som ligg i Catalonia på ca 1100 meter høgde og har eit folketal på rundt 1000 kan vi lese på Wikipedia. Det norske Randoneelandslaget er på plass med ei tropp og fekk i dag bryne seg i på konkurrentane frå Europa. Erik Kårvatn frå Todalen deltek i 20-årsklassen, saman med Trym Dalset Lødøen frå Nordfjordeid. – I dagens prolog kom Lødøen på 17.-plass og Kårvatn på 20.-plass. I kvartfinalane kom begge på 4.-plass i kvart sitt heat, og dermed var det stopp.
Balldagen sist tysdag var ein ubetinga suksess, og det var ei klar oppfordring frå publikum om at dette må vi fortsette med, seier dei to ballgeneralane på Todalshytta, Arve Evensen og Kjell Arve Vikavoll som har spisskompetanse på ball – både sildball og potetball.
Rute 46 Kvanne – Rykkjem: Sambandet var ei stund innstilt itidlegare i kveld, men er forlengst tilbake i normal drift igjen.
Trimgruppa i Todalen I.L. arrangerte OL-kaffe i turstien søndag ettermiddag. Det vart ein stor suksess, sjøl om Klæboe ikkje innfridde forventningene om OL-medalje i Beijing. Elinor Bolme, som er leiar i trimgruppa fortalte at dei hadde servert kaffe og nystekte kanelsnurrar til 50-60 deltakarar som var møtt opp.
Samefolkets dag (sámi álbmotbeaivi) 6. februar er ein dag felles for alle samar i Noreg, Sverige, Finland og Russland. Dagen vart feira for første gong i 1993, samstundes med at FN offisielt opna det internasjonale året for urfolk. Dagen vert feira på ulike vis i ulike lokalsamfunn, skriv nettsida wikipedia.org om temaet.
BMO Entreprenør er godt i gang med restaureringa av Haukåbrua. Som vi omtala i ei tidlegare sak så skal det skiftast lager og lages nytt rekkverk på brua. Dette arbeidet var planlagt ferdig i slutten av februar. Etter at arbeidet starta har dei oppdaga at skadeomfanget på brua er større enn dei først trudde. Det har difor vore naudsynt å ta nokre avgjerder undervegs i arbeidet, fortel Asbjørn Myrkaskog og Rolf Ivar Fure som representerer entreprenøren.