Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stor brannøving i Svinviktunnelen i neste veke

Jon Olav Ørsal Tysdag 19. april 2022

Neste veke, tysdag 26. og onsdag 27. april, planlegg Møre og Romsdal fylkeskommune og naudetatane ei stor brannøving i Svinviktunellen (på Fv 6145).  Svinviktunellen vil bli heilt stengt mellom kl 18.30 og 20.30, men det vil også påvirke trafikkavviklinga før og etter dette tidsrommet.  Publikum vil kunne sjå røyk frå tunnelen og stor aktivitet frå naudetatane i området.

I meldinga frå fylkeskommunen (som er vegeigar) står det at ein må rekne med manuell dirigering av trafikken i perioden 17.45 – 18.30, før stenginga og i perioden 20.30 og 21.30 etter stenginga. Dette vil sjølvsagt føre til at det blir litt ventetid.   Vi kjem til å følgje med på det som skjer og informere om eventuelle tiltak, men du kan få meir info på www.175.no og på telefon 175.  

Tunneløving fv62 Skrøotunnelen 2020 Foto Møre og Romsdal Fylkeskommune – Gjøri Dalsbø

– Brann og ulykker inne i tunnelar er ei stor utfordring for naudetatane. Difor er det viktig at dei får øve, til dømes på å styre ventilasjon, redning og evakuering, seier brannvernleiar Olav Amund
Myklebust i Møre og Romsdal fylkeskommune. Tunnelar over 500 meter er definerte som særskilte brannobjekt etter forskrift om brannforebygging. Det er difor eit krav at kvar tunnel skal ha ei eigen plan for beredskap i tunnelen og at det skal være jamlege øvingar med naudetatane.

Veit du kva du skal gjere om det skjer noko i tunnelen du køyrer i?
     • Køyr aldri inn i ein tunnel som er stengt med raude lys eller bom.
     • Om det skjer noko i tunnelen, bruk naudtelefonane og ikkje mobiltelefon. Operatørane på vegtrafikksentralen vil sjå kva tunnel du ringer frå og nøyaktig kor i tunnelen du er. Det er viktig   informasjon for å kunne hjelpe deg. Operatøren vil varsle naudetatane om hendinga krev det og gi deg råd om kva du skal gjere vidare.
    • Om du lausnar eit brannslokkingsapparat i tunnelen blir også vegtrafikksentralen og får informasjon om kor i tunnelen du er. Tunnelen blir automatisk stengt.
    • På alle naudstasjonar i tunnelen står det avstand til næraste opning på tunnelen.
    • Vurder situasjonen. Køyr ut av tunnelen om det er mogleg. Følg alltid instruksjonane du får om køyreretning frå vegtrafikksentralen eller naudetatane.
    • Forsøk å varsle møtande trafikk.

Publisert: 19. april 2022, 12:05